Frukost for næringslivet i Øystre Slidre

OSK (1)

Øystre Slidre kommune ynskjer å invitera alle med tilknyting til, eller interesse for næringslivet i kommunen, velkomne til næringslivsfrukost på Tingvang.
Tysdag 26. oktober kl. 08:00 – 10:00
Det vil bli servert frukost i kantina på Tingvang. Arrangementet er gratis, men av omsyn til matserveringa, så ber vi om påmelding til arrangementet.
Du melder deg på til: post@oystre-slidre.kommune.no eller tlf. 613 52 500, innan onsdag 24.10.


08:00 Vi møtast på Tingvang og et frukost i lag i kantina, og let «svallen» gå.
08:30 Ordfører ynskjer velkommen, og seier litt om kva ein slik møteplass mellom næringslivet og kommunen kan vere. Utdeling av næringsprisen.
08:50 Rådmannen orienterer om næringsrelaterte tema i økonomiplanen for 2021-2024 og aktuelle saker som det blir jobba med i kommunen. Presentasjon av medarbeidarar som jobbar med næringsrelaterte saker.
Etter rådmannens presentasjon er det fritt fram og koma med spørsmål og kommentarar til det som har vorte presentert, eller om det er spørsmål/kommentarar til andre tema.
09:15 Valdres Næringshage, ute i kommunen for ny etablering og etablert næringsliv
09:30 Presentasjon av Grønvold Snekkerverksted ved dagleg leiar Ole Håkon Grønvold. Ei lokal bedrift som satsar mot framtida. Kva skal til for å henge med i utviklinga, og konkurransen om kundane.
09:55 Oppsummering og takk for i dag ved ordførar.